Motorsagkunstnar Arne Askeland
Eg starta som liten gutt (11års-alder) med modellering i keramikk samt å skjære ut små figurar i tre. Eg har ein medfødt lidenskap for å forme! Og avslutta grunnskulen med høgaste karakter (S) i forming. Eg har og dreve med krullskurd og karveskurd i ung alder.
Eg har gått i lære hjå Rick og Randy Boni frå USA, kjende skulpturskjærarar i verdensklasse, med motorsag som hovudverktøy, og arbeider til dagleg som billedhoggar i eige studio på familiegarden på Askeland, eller eg reiser rundt på skulpturerings-oppdrag. I tillegg går tida med til å halda slektsgarden i hevd.
Eg er utdanna coach ved Ringom instituttet, og har div. instruktør- og lederkurs frå forsvaret og HV.
Eg driv og kulturbedrifta Askeland kunstnargard på Osterøy, saman med sambuar Linda Fosse.
Mitt mål er å skapa ein Norrøn gudepark i Noreg!
Kor han skal vera?
Vel, da gjenstår og sjå.
Arne
Medlem av Norsk Billedhoggerforening